Delte ut vitnemål til ni elevar

Under sommaravslutninga ved Sunnylven skule kunne ni elevar mottok sine vitnemål for fullført grunnskule. Dei fekk mykje ros av rektor Torje Bjørneset.

Foreldre og andre slektningar fekk seg presentert eit knakande godt program nok ein gong, men det var likevel utdeling av vitnemål til dei ni avgangselevane som var høgdepunktet under skuleavslutninga ved Sunnylven skule tysdag kveld. Der møtte seks jenter og tre gutar i finstasen saman med læraren sin Roar Seljeset.

Rektor Torje Bjørneset hadde berre gode ord om dei ni som han hadde lært å kjenne som engasjerte og hyggelege elevar. Dei var kunnskapsrike og hadde levert til eksamen på skulen, og det var flotte ambassadørar for heimbygda han var stolt over å sende vidare i livet. Han minte om at skule var viktig så han håpa dei ville jobbe like godt når dei no skulle vidare på kunnskapsstigen.

Etter at elevane hadde fått sine vitnemål fortalde kvar av dei korte hendingar frå åra ved Sunnylven skule. Det var gode minner og historier som fekk fram latteren også hos publikum i salen. Dei takka sine lærarar gjennom ti år og delte ut blomar til kvar av dei.

Dei ni elevane var. Sjå biletet frå høgre; Maria Langeland, Jakob Andreas Foldal, Mats Storstein Forbord, Kasper Ringdal, Mathilde Tryggestad Forbord, Vanja Trøen Frøysa, Andrea Kjellstad, Hanna Sætreås Kristoffersen, Renate Hellebostad og lærar Roar Seljeset.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380