Deltok i fjelløpet Varden Opp

På toppen etter fullført løp. Frå venstre Kari-Anne Tryggestad Ryste, Hege Ringdal, Asbjørn Tryggestad, og Kristine Hjellbakk Hole.

Sunnylven IL deltok med tre løparar i fjelløpet Varden Opp laurdag.

Det var ei dameklasse uansett alder i fjelløpet Varden Opp laurdag. 15 år gamle Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL hevda seg godt mot eldre løparar og vart nummer tre. Ho fekk tida 54.23 og var 4.17 bak vinnaren Emilie Forsberg, Måndalen IL. På andre plass kom Ingrid Festø, Gular.

Hege Ringdal, Sunnylven IL fekk sluttid 1.00.19, og Kari-Anne Tryggestad Ryste frå same klubb 1.04.27.

Herreklassa vart vunne av Johan Bugge, Eidsvåg IL, 40.02.

Alle foto: Hans Hole

Premiepallen damer, frå venstre Ingrid Festø, Emilie Forsberg, Kristine Hjellbakk Hole.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380