Lokalnytt

Deltok på Sea Side Soul korfestival

Ungdomskoret Joyful deltok på Sea Side Soul korfestival i Ålesund pinsehelga. Festivalen samla 400 born og ungdommar frå Steinkjer i nord til Flekkerøy i sør. Frå Hellesylt var det med 11 born og 4 vaksne. I løpet av helga var ungdommane med på å øve inn fleire songar saman med deltakarane frå dei andre kora. Søndag 1. pinsedag var det avslutningskonsert i Sparebanken Møre Arena med alle deltakarane. På videoen under kan du sjå felleskoret framføre «En dag». Gitaristen til festivalkoret, Bernt Rune Stray, vil vi og få sjå seinare i år då han skal vere gitarist for Maria Haukaas Mittet på årets kyrkjekonsert under sommardagane på Hellesylt. Eit elles stjerneprega band inkluderte D’sound-bassist Jonny Sjo, Frode Mangen på tangentar og tidlegare AHA-trommeslagar Karl Oluf Wennerberg.

En dag

Joyful deltok på Sea Side Soul korfestival i Ålesund i helga. I dag var det avslutningskonsert. Her kan ein sjå felleskoret framføre «En dag».

Posted by Hellesylt.info on Sunday, June 4, 2017

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info