Får gjere tiltak mot måsar

Måsane bryr seg lite om den svarte «hauken» som svevar over taket på omsorgssenteret.

Sunnylven omsorgssenter søkte i mai Stranda kommune om løyve til å ta ut egg og ungar av fiskemåse ved omsorgssenteret. Løyve er no innvilga.

Sunnylven omsorgssenter har i fleire år vore plaga av måsar som hekkar på tak, verandaer og andre stader rundt omsorgssenteret, skriv einingsleiar Siw Vangen i søknaden til Stranda kommune. Måsane er aggressive og på grunn av det får bebuarane innsnevra moglegheiter til å vere ute om våren og sommaren. Plagene har auka etter at det gamle meieriet vart rive i vinter.

I søknaden skriv einingsleiaren at det er prøvd med avbøtande tiltak ved å kjøpe inn «Hauk» som måseskremsel. Tiltaket har ikkje hatt den ønska effekt då måsane har blitt vant til den. –Dei set seg ved sida av den, skriv Siw Vangen.

I vedtaket frå Viltnemnda får Sunnylven omsorgssenter løyve til å sanke egg og avlive ungar av fiskemåse. Løyvet gjeld i tidsrommet 1. juni til 15. august 2017, og avlivinga skal skje i samsvar med dyrevelferdslova og av eigna personell som omsorgssenteret sjølve må finne.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380