Feirar Jonsok på badestranda

Jonsokaftan skal feirast også på badestranda på Hellesylt i år. Der blir det bål, grilling og mykje moro for både store og små.
Det er Hellesylt Vel som dreg i gong med jonsokfeiring på badestranda. Dit er alle velkomne, seier Knut Dag Langeland, ein av fleire som organiserer feiringa.
-Alt er i uhøgtidelege former, men vi har laga eit lite bål i sjøkanten og rigga med nye grillar som HUL har kjøpt inn. Alle må ta med det grillmat dei ønskjer sjølve, men kan nytte seg av grillane som står der oppvarma, seier Langeland som slår fast at jonsokfeiringa går som planlagt. Uansett om veret spelar på lag eller ikkje blir det leikar, botsja , pilkast og meir, og det blir sal av kaffi og kanskje ei god jonsokkake. Det blir jobba med ei lita overrasking også som Langeland ikkje kan stadfeste enno.
På same måte som jul er midtsommarfesten ein gamal heidensk tradisjon. Jonsok, eller sangt-hans er 24. juni, men blir alltid feira som jonsokaftan kvelden før. Festen har fått namnet jonsok etter døyparen Johannes då den katolske kyrkja har minnedag etter han 24. juni, i følgje Wikipedia.