Lokalnytt

Fekk pizza for Veslefrikk-framføring

Kommunestyremøtet i Stranda 8. juni vart innleia av elevar frå 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule. Dei spela vinnarmelodien i Veslefrikk-konkurransen 2017 og fekk pizza-gåvekort med heim.

Det vart ei flott musikalsk framvising dei folkevalde i Stranda kommunestyre fekk oppleve før kommunestyret 8. juni. Med Kringkastingsorkesteret som bakgrunnsmusikk spela elevane frå 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule vinnarmelodien frå Veslefikk-konkurransen 2017 «Den forlatte byen». Innslag imponerte dei folkevalde, har vi fått oss fortalt.

Fredag vart godtgjersla frå kommunen til unge musikkskaparar innteke på Øcal pizzabar på Hellesylt. Ei løn som fall i smak hos alle, og saman med elevane frå 3. og 4. klasse som også kom til finalen i Veslefrikk med sin komposisjon.

Alle foto: Øyvind Hole

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380