Fokus på lesing ved Sunnylven skule

Heile Sunnylven skule har hatt fokus på lesing denne våren. I tillegg har elevane halde kantine til inntekt for det lokale bibliotek.
Sommarles starta 1. juni og varer ut august månad. Torsdag var styrar ved Sunnylven bibliotek, Marit Ljøen på skulen for å orientere om lesekampanjen og delte ut spesielle bokmerker. Ho oppmoda elevane til å få registrert seg på www.sommarles.no, få oppretta ein brukarprofil og kome innom biblioteket og låne bøker. I 2015 var elevane frå Sunnylven mellom dei flinkaste boklesarane i kommunen og det håper ho dei kan bli i år også. Det kan ende med ein liten premie etter kvart, sa ho.
Lesinga i gong
Det har blitt lese inne og ute, aleine og saman med vaksne ved Sunnylven skule denne våren. Medlemmer frå Sunnylven sanitetslag har og skal stille på fleire dagar og lese saman med elevane i småskulen. Det blir skrive bokmeldingar, laga sommarfuglar til boktreet, notert leselogg og mykje meir. Slik står å lese på eit ark der skulen fortel om leseopplegget denne våren.
Forfattarbesøk
Og det har skjedd enno meir. I slutten av april hadde Sunnylven skule besøk av forfattar Ingunn Røyset. Ho var innom 1. til 9. klasse og fortalde og las frå bøkene sine, eit samarbeid med Sunnylven bibliotek. Med støtte frå Sparebanken Møre har biblioteket gjennomført «Nynorsk bokglede» der eit forfattarbesøk var del av opplegget.
Samla inn pengar for bøker
Også elevane sjølve har teke aktiv del i eit prosjekt dei kalla «Kantine for fleire bøker». I mai laga småskulen og mellomsteget kantine med servering av bollar, vaflar og kakao. Populære varer som gav 1756 kroner i netto. Torsdag denne veka vart beløpet overrekt styrar ved Sunnylven Bibliotek, Marit Ljøen. Ho fekk med ei liste over bøker som elevane ønskjer blir kjøpt inn.