Fyrste trimtreff på Kurlå

Søndag var det trimtreff på Kurlå. Staden er også Stikk ut-post der meir enn 200 har registrert seg alt.

Sunnylven IL sitt trimtreff på Kurlå søndag samla 53 unge og eldre turgåarar. 24 av dei drog heim med uttrekkspremiar frå EXxonMobil.

Trimgruppa har ikkje poengpost på Kurlå, men når noko spesielt har hendt eller hender på ein stad legg vi gjerne eit trimtreff dit, sa leiar i trimgruppa Jostein Ringdal då han ønska dei turkledde vel møtt til treffstaden. På Kurlå er våningshuset sett i stand igjen av Storfjordens Venner så difor vart fyrste trimtreffet i sommar lagd dit. Alle fekk lov å sjå inn i det vesle, men no godt renoverte huset.

Arne Ringdal kjenner historia kring folket og husmannsplassen Kurlå betre enn nokon andre. Søndag var han på plass og fortalde om opphavet til plassen, om dei fyrste eigarane, og om huset korleis det var innreidd og brukt.

Fleire har vore brukarar i Kurlå, men det var Andreas Åsen som busette seg der fyrst. Han kjøpte staden for 36 spesidalar, om lag 150.- kroner kring 1860. Det ar mykje pengar den gongen. På garden fora dei ei ku, to sauer og to geiter.

På Kurlå har dei teke vare på ei dør som Arne Ringdal viser fram og som ein trur er frå kyrkja på Korsbrekke som vart øydelagd av ras 15. mars 1727.

Etter nær nedfall stod stovehuset i 2016 ferdig renovert av Storfjordens Venner. Det er utført eit godt restaureringsarbeid, og kostnaden kom på 1.3 mill. kroner, fortalde Arne Ringdal.

Det er lavt under bjelkane i kammerset .Ei trapp går opp til eit loftsrom.

På trimtreffet vart det trekt ut 24 gevinstar, gjevne av EXxonMobil. Desse vann;

Lars Fivelstad, Geir Støverstein, Astrid Taraldset, Arne Ringdal, Inger Ann Nybø Vik, Ole A. Ringdal, Sander Sjåstad Hole, Kristi Ringdal, Anne Marie Hauge Ljøen, Andrine Støverstein, Tonje Støverstein, Bjørn Rusten, Anita Langeland, Kristin Langeland, Øystein Ljøen, Knut Dag Langeland, Lillian Støverstein, Ane Brenne Ringdal, Solfrid Onsøien Lien, Sakarias Helset Ringdal, Ingeborg Fivelstad Stadheim, Kristen Brenne Ringdal, Fredrik Fivelstad Stadheim.

Heimebøen på Kurlå er ikkje stor, men med utmarksslått fora Andreas ein buskap stor nok til sitt forråd.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380