Hektisk, men kjekt år ved Sunnylven skule

Elevane stod for underhaldninga og FAU for serveringa då Sunnylven skule hadde avslutningsfest for skuleåret 2016/17.
Mange kom og fekk som vanleg ein triveleg kveld i ein flott pynta gymmsal då det var sommaravslutning ved Sunnylven skule tysdag 20. juni. Etter opning av alltid like gode Sunnylven skulekorps var det elevar frå 3. og 4. klasse og deretter 8.og 9. klasse som inntok scena. Dei serverte både song, sjølvkomponerte sketsjar og meir som mora publikum.
Innslag som hausta aller mest applaus var komposisjonane som elevar hadde delteke med i Veslefrikk 2017. Leia av musikklærar Marianne Hafsås vart desse framført under avslutningsfesten. Før ei enkel servering organisert av FAU var det utdeling av vitnemål til ni avgangselevar som vi har omtala i anna sak på nettstaden.

Avslutningsfesten vart leia av rektor Torje Bjørneset. Det hadde vore ein hektisk vår, men kjekk, sa han. Året hadde vore begivenheitsrikt med siger i Veslefrikkprisen 2017 til 6. og 7. klasse, og det vart fyrstepris til mellomsteget på 10.000.- kroner for «Rydd eit kulturminne». Elevane hadde fysisk rydda skog på Bergeplassen ved Åsneset og sendt inn ein utfyllande rapport for arbeidet.
Torje Bjørneset takka mange for god innsats gjennom skuleåret, lærarar, reinhaldarar, vaktmeister, samarbeidet med FAU, og ikkje minst elevane. Han ønska alle vel møtt til skulestart på eit nytt år måndag 21. august.

