Lokalnytt

Jonsokbålet brann godt i regnveret

Jonsokbål på badestranda på Hellesylt.

Rundt 60 unge og eldre møtte på Hellesylt Vel si jonsokfeiring på badestranda på Hellesylt fredag kveld.

Jonsokfeiri9nga vart ikkje den midtsommarkvelden som mange hadde håpa på, for regnbygene kom som meldt og gjorde det både vått og kjøleg.

På badestranda på Hellesylt var det likevel samling med grill, leikar og bålbrenning. For unge oppdagarar er det å leite etter ting i sjøkanten alltid spanande. Difor er badestranda på Hellesylt ein eigna samlingsplass også for jonsokfeiring.

Sjølv om veret ikkje var som ønskjeleg var rundt 60 born og vaksne til stades då jonsokbålet vart tent. Også turistar dukka opp som viste seg å vere den irske forfattaren Todd Komarnicki med familie.

Å kaste ball på og slå ned gamle hermetikkboksar viste seg å vere spanande aktivitet med premiering.

Det var god varme på grillpannene til HUL der det vart grilla både pølse og anna godt, og leikar som pilkast og ballkast på tome hermetikkboksar frå Leite var populære aktivitetar for dei unge. Alle vart premierte uansett resultat.

Ikkje heilt lett for arrangøren Hellesylt Vel å få fyr på pallane i regnveret, men med hjelp av eit par liter lampeolje lukkast det. Takk til Hellesylt Vel frå mange for vellukka jonsokfeiring trass dårleg ver.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380