Kjekke babysamlingar på Hellesylt
Tysdag var det baby-song på Sunnylven kyrkjelydshus. Samlinga var den siste før sommarferien.
I alt fem gonger har foreldre og born vore samla til baby-song så langt i år. Tysdag var åtte smårollingar i alder pluss/minus eitt år til stades på Sunnylven kyrkjelydshus. På det meste hadde dei vore tolv, åtte gutar og fire jenter, fekk vi oss fortalt.
Det er Carolin Eide frå Eidsdal som har leia samlingane med baby-song. Liknande samlingar, som er ein del av trusopplæringa i samarbeid med kyrkja har ho hatt på Stranda tidlegare. Det var fantastisk at det vart så mange på Hellesylt, tykte ho.
Samlinga brukte å vare i ein god halvtime der alle sat i ring på govet og gjorde ting, eller spela på instrument og song. Då vi var innom vart det «vente på», ein liten ball som vart rulla frå ein til ein annan medan dei song. Ikkje alltid lett å vente på, men like fullt viktig å lære seg.
Det var veldig kjekke samlingar, tykte mødrene også. Vi kosar oss i lag og etter samlinga går vi på kaffibar. Fyrste gongen koka vi kaffi på kyrkjelydshuset sjølve, men no har Ellen ope så då går vi på Hellesylt Boutique & Bar, fortalde dei. Kaffibaren er nabo til Sunnylven kyrkjelydshus.
Sokneprest Stein Karstensen tykte også det var eit flott tiltak. Soknerådet hadde stilt huset gratis til disposisjon for babysamlingane og han håpa dei ville halde fram også etter sommarferien.