Kongen av Hellesyltløpet
Hellesyltløpet, terrengløpet for jenter, gutar, damer og herrer blir arrangert for 30. gong laurdag 8. juli. Ein løpar har delteke i samtlege løp så langt.
Kongen av Hellesyltløpet er Odd Arild Dale, Førde IL. Uansett kva anna som skjer har han stilt til start i løpet som har blitt arrangert same helg som Sommardagar på Hellesylt og like mange gonger. I fjor hadde Dale fiskedag i ei lakseelv i Sogn. Han parkerte fiskestonga, kasta seg i bilen og køyrde til Hellesylt for å løpe 6.7 km. Etterpå drog han tilbake og heldt fram laksefisket.
Kjem til jubileumsløpet
Odd Aril Dale stadfestar at han er klar når startskotet smell også i år. Han har ikkje fått tid til å trene så mykje som han tekte og ein lei forkjøling har også plaga han dei siste dagane. Men det er over ei veke igjen så han stiller i jubileumsløpet om han så mål gå frå start til mål, seier han.
Vi presenterer her Odd Aril Dale sine plasseringar og sluttider i Hellesyltløpet frå 1988 til og med 2016;
-1988 (7) 29.16, -1989 (3) 25.42 -1990 (1) 25.51
-1991 (4) 26.20 -1992 (2) 25.41 -1993 (2) 26.29
-1994 (3) 26.08 -1995 (4) 26.28 -1996 (2) 27.15
-1997 (2) 27.12 -1998 (1) 26.53 -1999 (2) 24.51
-2000 (1) 26.20 -2001 (1) 25.14 -2002 (5) 24.25
-2003 (9) 24.24 -2004 (8) 27.25 -2005 (7) 27.16
-2006 (6) 26.48 -2007 (7) 26.50 -2008 (7) 27.44
-2009 (19) 27.56 -2010 (22) 28.12 -2011 (15) 28.11
-2012 (28) 28.01 -2013 (28) 31.00 -2014 (30) 29.29
-2015 (39) 30.47 -2016 (35) 29.36
For den som vil leite etter eigne prestasjonar i Hellesyltløpet, klikk på denne lenka; https://www.hellesylt.info/2016/07/hellesyltlopet-fra-starten-til-malet/