Lokalnytt

Kvivsstemne atten år etter

Tolv medlemer av Hornindal songlag var på plass på Kviven og underheldt med song.

Mellom 60 og 70 kom til Kvivsstemne i brukbart sommarver søndag. Samlinga på det knappe 900 meter høge fjellet var den fyrste sidan 1999.

Før krigen var det årvisst at nordfjordingar og sunnmøringar møttest til stemne på grensefjellet mellom Austefjorden og Hornindal. Men på slutten av 1930-talet vart det slutt på tradisjonen mellom grannebygdene. Det skulle gå heilt til 1984 før det tok seg opp igjen, fortalde Kåre Haugen frå Hornindal, initiativtakar til stemnet i år. I 84 møtte det få personar, men året etter kom det 323 personar, fortalde Haugen.

Samlinga på Kviven var årviss fram til 22. august 1999, då var siste stemne og deretter vart det opphald igjen. Augustdagen i 99 var ein kald sommardag og Kristian, ein liten gut fraus. Men Valborg Hustanes som kom til stemnet hadde ei ekstra jakke som Kristian fekk pakke rundt seg og det hjalp, fortalde Kåre Haugen.

Kristoffer t.v. og Kristian Haugen bidrog med musikalske innslag på trompet og gitar.

Og Kristian var på Kviven søndag atten år etter og var ein av dei som bidrog med underhaldning. Kristian Haugen og Kristoffer Haugen hadde teke med gitar og trompet til toppen og dermed vart det både viser og instrumentale musikkinnslag i naturens store katedral. Hornindal songlag stilte opp med tolv songarar og framførte tre songar, mellom dei «Fagert er landet».

Paul O. Tomasgard, Hornindal hadde sett saman eit interessant attersyn om liv og virke over grensefjellet mellom Austefjorden og Hornindal.

Paul O. Tomasgard hadde blada i «minneboka» kring det som hadde gått føre seg av aktivitet over Kviven mellom grannebygdene. Det var så mangt, frå frieri, bryllaup og fedrift. Til og med griser var blitt jaga levande mellom sunnmøringar og honndøler over der.

No går alt beine råsa gjennom fjellet og Kvivstunnelen som vart opna for trafikk i 2012, eit vegsamband som var etterlengta og omsnakka i mange år og godt når det kom, sa Paul O. Tomasgard.

Utsyn frå toppen av Kviven mot Austefjorden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380