Ljøkaia utbetra og overlevert

Kaia ved Ljøen var herja av sjø og ver og heldt på å rase ut. No er kaia renovert og er blitt sterkare og flottare enn nokon gong.
Fredag 9. juni vart ei ferdig renovert kai ved Ljøen-landet overlevert frå entreprenørfirma Christie & Opsahl AS til oppdragsgjevaren som var Verdsarvstiftinga. Kristian Marstein Brøste og Merete Løvoll Rønneberg utveksla signerte dokument på godt utført arbeid.
Etter undersøkingar i sjøen for nokre år sidan vart det kjent at stein i muren av kaia hadde rausa ut. Også toppdekket var smuldra opp og trong fornying. Det måtte til eit omfattande renoveringsarbeid om Ljøkaia skulle overleve i framtida.
Armert betong
Organisering av arbeidet tok Verdsarvstiftinga med Merete Løvoll Rønneberg som byggeleiar. Jobben med å setje kaia i stand gjekk til Christie & Opsahl AS. Kristian Marstein Brøste fortalde at for å utbetre muren var det blitt bora i fjellet og støypt. Heile ti kubikk betong var brukt under vatn til forsterkning, eit støypearbeid som var godkjent av fylkeskonservatoren.
Også toppdekket var støypt nytt, armert og pålagt 10 til 15 cm. betong av beste slag. Det gjekk med knappe 18 kubikk betong til toppdekket, frakta til Ljøkaia med helikopter. Langs med to sider av kaia er det sett opp fenderverk av tre, det meste av osp frå Ljøen. Ljøkaia er den fyrste firmaet har reparert innanfor Verdsarvområdet. Tidlegare hadde dei sett i stand ei liknande kai i Hjørundfjorden, fortalde Brøste.
Kaia må bli brukt
Rundt 1.3 mill. kroner kosta renoveringa, sa Merete Løvoll Rønneberg. Ho var godt fornøgd med kaia ho fekk seg presentert og delte ut verbal ros til prosjektleiar Brøste og firma for arbeidet. Alltid god dialog der spørsmål eller problem har blitt diskutert og løyst over telefon, sa ho. No håpa ho at mange vil bruke kaia, at det ikkje er brukt pengar på noko som ingen gjer seg nytte av.
Rønneberg sa at det vil bli ei offisiell markering av ferdigstilt Ljøkai seinare i sommar.