Marianne Hafsås sluttar i kulturskulen

Marianne Hafsås fekk, i tillegg til blomar mykje ros av kulturskulerektor Trond Otto Berg.

Lærar i Stranda kulturskule, Marianne Hafsås har sagt opp og sluttar i stillinga. Under skuleavslutninga i Sunnylven fekk ho gode ord og blomar frå kulturskulerektor Trond Otto Berg.

Etter eit par år som musikklærar i Stranda kulturskule sluttar Marianne Hafsås i stillinga. Musikklæraren har bustad på Emblem og etter det vi kjenner til er det nabokommunen Sykkylven som får glede av hennar gode og kreative musikkunnskapar.

Ved Sunnylven skule har ho vore godt lika og sett varige spor etter seg. Med henne vann elevar frå 6. og 7. klasse Veslefrikkprisen 2017, og 3. og 4. klasse kom også til finalen dette året. Også andre musikkelevar har hatt glede av hennar kompetanse på fleire instrument. Under skuleavslutninga takka foreldre og elevar Marianne Hafsås for gode læringsår med lang applaus.

Sjå 6. og 7. klasse spele vinnarmelodien i Veslefrikk 2017, «Den forsvunne byen»: https://www.nrk.no/kork/veslefrikk-2017-1.13306019

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380