Med GPS-sendar på utmarksbeite

Ei av NRF-kvigene som har fått GPS-sendar. Ikkje store saka, men effektivt, seier bonden.

For å spore dyra på beite i sommar blir NRF-kvigene til bonde Jørgen Helset utrusta med bjølle og GPS-sendar. Årsaka til tiltaket er at utmarka gror igjen av krattskog.

I tillegg til ein del sau driv Jørgen Helset og familien stort med storfe og mjølkeproduksjon. Mange dyr i fjøset får i desse dagar årets fyrste tur i det fri og for å mette seg av grønt saftig gras.

Ein stor buskap storfe krev mykje areal og beite, noko det er litt knapt av i Sunnylvsbygda. Då må også utmarka takast i bruk, for sjølv om trea står tett er der mykje godt gras som dyra kan gjere seg nytte av.

Etter kvart skal Jørgen Helset sende ti kviger i utmarka på Storstein, fortel han. Der er mykje grasmark, ein ressurs han vil utnytte. Men der er også mykje lauvskog som gjer det vanskeleg å finne dyra igjen og ha tilsyn med dei. Difor har han gått til anskaffelse av GPS-sendarar der han på mobiltelefonen kan følgje med på kvar dei oppheld seg til kvar tid. Også fleire sauer skal få GPS-sendarar i sommar, fortel Jørgen Helset.

Kvigene som skal i skogen på Storstein har gått i same binge i fjøset så eigaren trur dei vil halde i lag også når dei går på utmarksbeite. Han har rusta ut to av dei med GPS-sendar og andre har fått bjøller.

Det var mykje gla`dans den fyrste halve timen i det fri.

I bakgrunnen ser vi utmarka på Storstein. Ikkje lett å finne igjen dyr der.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380