Lokalnytt

Optimisme kring Peer Gynt Galleriet AS

Positiv utvikling for Peer Gynt Galleriet AS kan føre til åpning for dagleg drift om ikkje alt for lenge.

Frå å vere nær innlevering til skifteretten er optimismen større enn nokon gong i Peer Gynt Galleriet AS på Hellesylt. Kunstsenteret kan bli opna for dagleg drift også denne sesongen.

Av 3223 aksjar var 1669 representert på generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS torsdag. Styreleiar Dag Stadheim vart samrøystes attvald og får no med seg eit fulltallig styre. Valnemnda la fram kandidatar med god lokal tilknyting og samtlege vart valde ved aklamasjon. Peer Gynt Galleriet AS har eit styre på seks personar.

Dag Stadheim var forhindra i å møte på generalforsamlinga torsdag. Det var styremedlem Arild Ringdal som opna møtet og sette dagsorden, før Øystein Ljøen tok over som møteleiar.

Underskot i drifta

Sakspapira til generalforsamlinga var denne gongen utfyllande med både årsberetning og reknskap. Årsreknskapen viste at det var ein auke på 70.000.- i salsinntektene i 2016, men også alle driftskostnadane auka så selskapet kom ut med eit negativt driftsresultatet på 335.000.- kroner. Generalforsamlinga vart bedt om å slutte seg til styret sine framlegg om aksjenedskriving, utviding av aksjekapitalen med 1611 nye aksje og endring av vedtekter i samband med dette. Aksjeverdien i Peer Gynt Galleriet AS er no 300.- kroner pr. andel og same kurs skal nyttast for nyteikning

Ny huseigar

Store økonomiske vanskar gjorde at selskapet tidlegare i år var nær stupet, truga av konkurs. Tidlegare i juni kjøpte Heltre AS Hægstad Gård for 3.1 mill. Kjøpet var støtta av Stranda kommune med eit rentefritt lån på 600.000.- Mellom kunstsenteret og huseigar er det gjort avtale om fritak for husleige i to år. Driftstilskot, leigefritak og ein ny driftsmodell vil etter styret si oppfatning gje selskapet mulegheiter til å få til drift som gjer at alle Peer Gynt relieff blir samla i galleriet på Hellesylt, skriv styret i årsberetninga.

På generalforsamlinga vart det vist til ny kurs for drifta med samarbeid til Geiranger og Verdsarvstiftinga, avtalar med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, med Peer Gynt Gålå AS, Vinstra, og det er gjort avtalar med cruiseagentar om besøk av cruiseturistar. Andre ønskjer å leige seg inn i bygget, skriv styret i si årsberetning.

Stor aksjeinteresse

Det er lagt eit arbeid for eit vegval som gjev håp for selskapet, meinte Øystein Ljøen, aksjonær i Heltre AS og heldt fram; – For meg handlar det om vi har tru på at Verdsarvstiftinga kan kome inn og hjelpe. Eg trur det, vi har prøvd så mange ting tidlegare og ikkje fått det til. Blir Peer Gynt Galleriet AS ein del av Verdsarven kan vi håpe på statlege tilskot og då er vi berga.

Ljøen opplyste at det var stor interesse for nyteikning av aksjar, men at ein avventa vedtak på generalforsamlinga. Til no var rundt 1100 aksjar påtinga.

-Ein god dag

Også styremedlem Arild Ringdal hadde tru på eit samarbeid med Verdsarvstiftinga. Der er profesjonelle folk som arbeider med marknadsføring heile året og kjenner dei rette kanalane. Åleine er vi sjanselause og utanom sesongen blir det stort sett jobba med å få betalt gamle rekningar, sa han.

Knut Hole tykte det var ein god dag for Peer Gynt Galleriet. Han gav ros til styreleiar og styret for arbeidet som var gjort, til Stranda kommune, Heltre AS, og han delte ut verbale roser også til dei som tok seg av uteområdet kring kunstsenteret.

Val

Desse vart samrøystes valt til styret i Peer Gynt Galleriet AS:

Dag Stadheim, styreleiar (1 år)

Lena Parr (2 år)

Øystein Ljøen (2 år)

Arild Ringdal (1 år)

Berit T. Hole (2 år)

Jørn Sønstebråten (2 år)

Valnemnd:

Gunhild Kvam Karbø og Hildegunn Vollset.

.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380