Positive signal for kunstsenteret
Torsdag 15. juni er aksjonærane i Peer Gynt Galleriet AS kalla inn til ordinær generalforsamling.
I tillegg til vanlege årsmøtesaker som årsregnskap, årsberetning og val inneheld saklista forslag om endring av vedtekter, framlegg om kapitalnedsetjing og om fullmakt til å utvide aksjekapitalen.
Leigefritak i to år
Eigedomen Hægstad Gård på Hellesylt vart nyleg selt frå Flo Eigedom AS Stryn til Heltre AS, Hellesylt. Heltre AS er del av konsernet HT Bygg Hellesylt AS og kjøpesummen var 3.1 mill kroner, støtta med eit rentefritt lån av Stranda kommune på 600.000.-.
Etter overdraging av eigedomen frå Flo Eigedom AS er det inngått leigeavtale mellom Heltre AS og Peer Gynt Galleriet AS om fritak for leige i to år framover, står å lese i sakspapira. Gjennom driftstilskot frå andre hovudaksjonærar, endra driftsmodell og aksjekapitalutviding har styret tru på å få til varig drift i samarbeid med Verdsarvstiftinga.
Aksjekapitalutviding
Til generalforsamling torsdag 15. juni foreslår styret at akjekapitalen blir sett ned tilsvarande verdien av selskapet. Forslaget går på at alle aksjer pålydande 1000.- kroner blir sett ned til 300.-kroner.
Under forutsetning at generalforsamlinga sluttar seg til å redusere aksjeverdien, ønsker styret å utvide anntall aksjer med 1611 nye, kvar på 300.- kroner for å styrke driftskapitalen.
Positive signal
Øystein Ljøen i det nye eigarselskapet Heltre AS seier at han opplever mange positive teikn, at folk er innstilt på å berge Peer Gynt Galleriet og samlinga med relieffbilete etter kunstnaren Oddvin Parr på Hellesylt. Han trur at fleire lokale bedrifter og enkelpersonar blir med på aksjekapitalutvidinga. Stranda kommune og kommunestyret sitt samrøystes vedtak om rentefritt lån ved eigedomskjøpet var godt å registrere, og det same er kontakten og signala mot Verdsarvstiftinga, seier han. Og at velkomiteen har kandidatar til styret i Peer Gynt Galleriet AS på plass er også svært positivt, seier Øystein Ljøen.
Sjå: https://www.youtube.com/watch?v=F9_QRKBe_1Y