Lokalnytt

Romsdalselevar til Hellesylt på bedriftsbesøk

Elevar og lærarar frå Romsdal vgs. samla utanfor Boutique & Bar på Hellesylt. Til høgre eigar Ellen Fivelstad

Lærar Arne Rusten Syltevig tok med seg klassa frå Romsdal vidaregåande skule på Molde til bedriftsbesøk på Hellesylt denne veka. Ein tur med mange nye inntrykk.

Elevar frå Innovasjon og ledelse ved Romsdal vidaregåande skule fekk to fine og opplevingsrike dagar i Sunnylven, både på land og sjø. Dei 14 elevane saman med lærarane Arne Rusten Syltevig og Siri Løvaas besøkte både eldre og nyare etableringar, dei fleste starta av engasjement og pågangsmot.

Populært studiefag

Arne Syltevig kunne fortelje at læringslinja Innovasjon og ledelse ved Romsdal vgs. er den einaste i landet som har denne plattforma. Den vart starta for fem år sidan og har etter kvart blitt så populær at søknaden har gått rett opp. I alt 40 søknadar kom til 15 elevplassar sist år. Difor vart det i haust oppretta to klasser med til saman 30 elevplassar.

Dei fleste elevane ved Innovasjon og ledelse kjem frå Romsdal, men skulen er sjølvsagt open for å ta mot ungdom også frå andre landsdeler, seier Arne Syltevig.

Frå ribb-tur til Skageflå. Bente Bonsaksen orienterer. (Foto: Arne Syltevig)

Innom fire bedrifter

Under bedriftsbesøk i Sunnylven og på Hellesylt var det omvising ved Villa Norangdal i Nibbedalen ved inngangen til Norangsdalen. Arne Syltevig synest det er eit fantastisk flott hotell med rom innreidd ut frå fleire tidsperiodar og med dyktige og flinke folk som får det til. Han fortel også sykkeltur med syklar frå Hellesylt el-sykkelutleige og om tur med ribben til familieselskapet Bonseye. Ved Skageflå var alle opp på garden ein tur. Arne Rusten Syltevig med sterke slektsband til Hellesylt er veldig imponert over kva familien Bonsaksen har fått til. Siste bedriftsbesøk var ved Boutique & Bar, kaffibaren i Hellesylt sentrum i lokala som før var Hellesylt bokhandel. Arne Syltevig håper at alle som dei fekk besøke må lukkast i satsinga.

Synnøve Gribbestad frå Skåla er elev ved Romsdal vidaregåande skule.

Mange inntrykk frå Hellesylt-besøket

Synnøve Gribbestad frå Skåla er elev ved Innovasjon og ledelse ved Romsdal vgs. Ho har ikkje bestemt seg for val av yrke enno, det er mykje spanande å velje på, men ein jobb innan marknadsføring kan vere noko. Kanskje litt innan turisme då ho meistrar fleire språk alt, både engelsk, tysk og litt italiensk.

Synnøve tykte det var kjekt å kome til Hellesylt der ho har fått sett og opplevd nye og spanande ting. Ribbturen på fjorden og den bratte «gardsvegen» opp til Skageflå gjorde inntrykk. Det same gjorde besøket på Villa Norangdal. Veldig tøft av eigaren å satse og restaurere hotellet i den gamle stilen med detaljar frå ulike tidsperiodar. Det var berre imponerande og flott, sa Synnøve Gribbestad.

Frank Bonsaksen i familieselskapet Bonseye tok elevane ut fjorden til Skageflå og tilbake til Hellesylt med ribb-båt. (Foto: Arne Syltevig)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380