Søkelys på matproduksjon og matsikkerheit

Etter matmøtet i Storfjord kulturhus gjekk turen til Hellesylt for frå venstre ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum og rådgjevar for Sp på Stortinget, Karl Kristian Langeland.

Norsk matproduksjon, matsikkerheit og betydninga av jordbruket for landet var tema på eit møte i Storfjord kulturhus tysdag kveld. Rundt 40 – 50 personar frå fleire Storfjordkommunar var til stades på møtet.

Med på møtet i Storfjord kulturhus var Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, Marte Gerhardsen frå Tankesmia Agenda, Eivinn Fjellhammer, Agri Analyse og Rosa Bergsli, rådgjevar i Norsk senter for økologisk landbruk.

Politisk mål

Marte Gerhardsen åpna møtet med å vise tal frå ei undersøking mellom norske forbrukarar. Den viste at dei aller fleste ville ha norskprodusert mat, heile 93 prosent. Trygg mat var det aller viktigaste, og dei fleste i undersøkinga svara at dei også kunne tenkje seg å betale meir for norsk mat. Jordbruket har i dag 43 milliardar i marknadsinntekter, og sysselset 46 000 personar. Det politiske målet for jordbruket ut over verdien av maten som blir produsert er levande bygder, foredling og produksjon i heile landet. Ein halv million dekar jordbruksareal har gått ut av produksjon dei siste ti åra (70 000 fotballbaner). Halvparten var ekstra verdfullt kornareal.

Jordbruk viktig

I si innleiing på matmøtet var Trygve Slagsvold Vedum (Sp) tydeleg på at eit sterkt, norsk jordbruk var svært viktig.

– Norge bør ha matproduksjon i heile landet og gjere seg mest mogleg sjølvforsynt. Ingen andre ting er så mykje politikk rundt som norsk landbruk. Blir det litt uro rundt mat blir det uro rundt alt, sa Sp-leiaren og minte om ei linje frå Fadervår der det står; – Gjev oss i dag vårt daglege brød.

For samfunnet si skuld

-Det er eit dårleg teikn at politikk nesten kvar dag handlar om beredskap. For ti år sidan snakka vi nesten ikkje beredskapspolitikk, sikkerheitspolitikk eller om matsikkerheit. Folk vil tilbake til det gamle, trygge og det er mellom anna derfor støtten til Senterpartiet veks i dag. Senterpartiet si støtte til norsk matpolitikk er ikkje berre for å støtte norske bønder eller Norges Bondelag, men vi gjer det for samfunnets skuld som vi støttar forsvaret for å ha beredskap, og sjukehuspolitikk for å ha eit helsevesen, sa Vedum.

Mange arbeidsplassar

Som landbruksminister i raud/grøn regjering for nokre år tilbake, sa han nei til nedbygging av god kornjord på Austlandet, men etterfølgjaren frå FrP sa ja.

–Eitt dekar god kornjord gjev tusen brød. Men matproduksjon handlar om meir enn mat. Det held kulturlandskapet i hevd og skaper masse arbeidsplassar som med vidareforedling utgjer 20 prosent av alle arbeidsplassar i landet, sa Trygve Slagsvold Vedum. Senterpartiet vil ha matproduksjon i heile landet, mest mogleg sjølvforsyning og verne om konsesjonslova slik den er i dag.

Skal vere effektive

Rosa Bergsli frå Norsk senter for økologisk rådgjeving var også opptatt av å ha eit jordbruk i heile landet. – Vi treng både dei store og dei små gardsbruka. Tek vi vekk bøndene frå bygdene kuttar vi pulsåra til bygda. I dag er der bygder der husdyr ikkje beiter i utmarka. Kravet er effektive bønder, men når blir bonden effektiv nok, skaper mykje med få ressursar, når får bonden eit klapp på skuldra?, sa Rosa Bergsli som meinte at forskarar ikkje greier å sjå alt positivt jordbruket bidreg med.

Lever med jordbruket

– Næringsmiddelindustrien som sysselset 52 000 personar og har 205 milliardar i omsetning i året lever med jordbruket, og eg vil strekke meg til å seie at også daglegvarehandelen gjer det. Verdiskapinga i norsk jordbruk dreier seg om fleire hundre milliardar kroner. Skal rekrutteringa til næringsmiddelindustrien oppretthaldast måtte folk sjå ei sikker framtid og at det lønner seg å gå inn i næringa, sa Eivinn Fjellhammer frå Agri Analyse.

Innleiarar på møtet i Storfjord kulturhus, frå venstre Marte Gerhardsen, Rosa Bergsli, Eivinn Fjellhammer, Trygve Slagsvold Vedum.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380