Lokalnytt

Sommarfest i sol

Mange møtte fram på sommarfesten og kosa seg.

Sola kom fram då Sunnylven barnehage inviterte til sommarfest tysdag. På uteområdet var det god stemning med både litt servering og programinnslag.

Det går mot ferie i Sunnylven barnehage. Fredag 7. juli er siste dag og oppstart etter ferien er måndag 7. august, fortalde einingsleiar Hilde Langlo Brekke.

Tysdag var born og tilsette klare for å ta mot foreldre, besteforeldre, sysken og andre med både program og servering. Mange kom og som vanleg på slike sommarfestar vart det trivelege timar der også sola varma.

Dei tilsette fekk både blomar og gåvekort frå fire som frå hausten av går i Sunnylven skule.

I Sunnylven barnehage går fire born over i skulen til hausten og inn kjem sju nye, noko Hilde Langlo Brekke er glad for. Når det gjeld utstyr og bygning klagar ho ikkje. Vanleg vedlikehald må sjølvsagt gjerast også i barnehagen i Trollhola, men elles er det greitt både for born og tilsette, seier ho.

-Litt trist når fire sluttar. Vi blir alle glade i kvarandre, sa Hilde som visste at ho ville sjå dei igjen, kanskje tok dei også ein tur i barnehagen. Frå dei fire, Kai Adam, Therese, Siril og Tuva fekk dei tilsette i barnehagen overrekt ein stor bukett blomar og eit gåvekort på gratis kaffi på Hellesylt Boutique & Bar.

Unge aktørar baud på trivelege songinnslag saman med dei tilsette.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380