Sprang frå Fjord til Fjell.

Sunnylven IL sine deltakarar i Geiranger på toppen av Dalsnibba. Frå venstre Anniken, Hege, Kristine, Kari-Anne. (Foto: Privat)

Sunnylven IL var representert med fire deltakarar i Frå Fjord til Fjell i Geiranger laurdag. Alle presterte opp mot sitt beste nokon gong.

Det er både langt og bratt frå sentrum i Geiranger til toppen av Dalsnibba. Der var det målgang for løparane i Nibbeløpet. For Mini-utgåva er Flydalsjuvet endestasjon.

Anniken Hjellbakk Hole sprang godt i Nibbeløpet i Geiranger laurdag. Ho vart nr. 3 i klasse 23 – 34 år og nådde toppen etter 2.06.07 som også var tredje beste tid uansett klasse mellom kvinner. Tida var om lag to minutt raskare enn i fjor, fortalde Anniken, men om det var personleg rekord i løpet var ho usikker på.

Også Hege Ringdal sprang godt og kom i mål til 8. beste tid, 2.17.48. Det gav sølvplass i kvinner 17 – 18 år, også det ei forbedring av Hege si sluttid frå i fjor. Tredje dame frå Sunnylven IL, Kari-Anne Tryggestad Ryste vann si klasse suverent på 2.30.03. Kari-Anne var på toppen av Dalsnibba heile 27.20 før neste kvinne i klassa 50 – 54 år.

15 år gamle Kristine Hjellbakk Hole sprang Nibbeløpet Mini. Ho var suveren med 19.26, heile 2.49 føre neste kvinne i klassa.

Vinnar av Nibbeløpet kvinner var Annie Bersagel, 1.44.18. Herrer vart vunne av Kilian Jornet Burgade, Spania, 1.30.54.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380