Stort dåpsopplegg for ny Ribb.

Gunnhild Liva Foldal var gudmor til Korsfjord.

Under ein seremoni på fjorden ved Ljøfossen fekk den nye Ribb-båten til familieselskapet Bonseye namn. Gudmor Gunnhild Liva Foldal gav båten namnet Korsfjord.

Begge Ribb-båtane til familien Bonsaksen, både Sunnylvsfjord og den nye som skulle få namn vart fylte opp med dåpsgjestar laurdag. Turen gjekk ut fjorden frå småbåthamna på Hellesylt til Ljølandet like ved Ljøfossen. Der fortalde Bente Bonsaksen litt om Ljøen, om busetnad og om industriskaparar som har vakse opp her. Mellom anna kom grunnleggar av Ljåen i Ålesund her i frå.

«Grøn» båt

Det var Gunnhild Liva Foldal, sambuar med ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad som hadde fått oppdraget som gudmor til Ribb-båt nummer to i selskapet Bonseye. Den nye, svarte båten er både ein katamaran og ein hydrofoil. Konstruksjonen gjer at båten brukar langt mindre drivstoff, så sjølv om han er svart er det i grunn ein «grøn» båt, meinte Frank Bonsaksen.

 

Intervju med Bente og Frank Bonsaksen etter dåpen av «Korsfjord».

Posted by Hellesylt.info on Saturday, June 10, 2017

Intervju med Bente og Frank Bonsaksen etter dåpen av «Korsfjord».

Ønska hell og lukke

Gudmor Gunnhild Liva Foldal tykte det var eit kjekt og ærefullt oppdrag ho hadde fått. Og ho tykte det var veldig kjekt og spanande at nokon satsa på Ribb-båtar og opplevingsturar på fjorden. –Eg døyper deg Korsfjord. Måtte hell og lukke alltid følgje deg og ditt mannskap, passasjerar og gjestar på fjorden, sa gudmor Gunnhild før ho dynka Korsfjord med sjampanje, både på babor og styrbord side.

Dåpen fann stad ved Ljøen og Ljøfossen.

Storslagen natur

Dermed hadde Ribben fått sitt namn og dåpsgjestane i både Sunnylvsfjord og Korsfjord heldt fram turen inn gjennom Geirangerfjorden. Der var fleire på båttur både små og store båtar, eit vikingskip, hurtigruta Midnattsol og turistferja Bolsøy. Rundt om stod naturen i si grøne drakt og fossefall som Brudesløret, Dei sju systre og Friaren stupte nærmast flaumstore og bystne i fjorden.

Etter ein siste stopp ved Syltavika med gode historier fortalt av Frank Bonsaksen var det beine vegen tilbake til småbåthamna på Hellesylt. Det tok ikkje lange stunda og deretter var det gjestebud på badestranda med grilling, kokt fersk fisk, is og kaffi. Eit verdig dåpsopplegg for nye-Ribben Korsfjord.

Gudmor fekk eit bearbeida saueskinn, produsert av Bente Bonsaksen.

Samling for dåpsbilde. Frå venstre Frank Ole, Ole Hjalmar, Gunnhild Liva og Bente.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380