Sunnylvingar sterke i Postvegløpet

Det vart klassesigrar til både Hege Ringdal t.v. og Kristine Hjellbakk Hole i Postveglapet med Markane IL som arrangør. (Foto frå arkivet)

Kristine Hjellbakk Hole og Hege Ringdal, begge frå Sunnylven IL sprang begge til klassesigrar i Postvegløpet onsdag kveld.

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL er uslåeleg i si klasse både på vinter og sommarføre. Onsdag var ho suveren under Postvegløpet i Markane i kvinner 13 – 15 år. Også klubbvenninne Hege Ringdal viser konkurrentane ryggen . Ho kunne innkassere klassesiger i 16 – 18 i løpet som var det fjerde i Nordfjordkarusellen.

Kristine Hjellbakk Hole kom i mål til 26.04.4. Hege Ringdal brukte 27.54.6. Emilie Flo Stavik, Stryn T&IL fekk også ei god sluttid med 27.21.8 og vart nr. 2 i 13 – 15 år.

Elisabeth Hauge og Silje Hjellbakk Hole, begge Sunnylven IL sprang også det 6.0 km lange Postvegløpet. I klasse 19 – 34. vart Elisabeth nr 5. og Silje kom på 7. plass.

Klassa for menn vart vunne av Arne Rindal, Eid IL, 22.35.1.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380