Til sommarbeite i Oaldsbygda

Sauebonde Per Kjell Leite har sleppt 150 sauer og lam på sommarbeite i Oaldsbygda. Vegen dit er båt ut Sunnylvsfjorden.
Det har kome mange lam i sauefjøsen til Per Kjell Leite på Tryggestad i vår. No er det tid forå sende sauer og lam på sommarbeite. Leite valde Oaldsbygda for 150 av dyra, resten går i heimehamn på Tryggestad, fortel Vidar Even Leite. Han har hjelp bror sin med merking og vaksinering av dyra og stadfestar at storleiken på årets avkom er svært bra. Får dei ein sommar med høveleg temperatur kan det bli flotte dyr å hente heim til hausten, trur han.
For hamna i Oaldsbygda er framifrå. Etter jerveangrep for nokre år sidan vart det ikkje slept beitedyr året etter. Men i fjor vart dyr frakta til den fråflytta fjordbygda igjen og buskapen kom heim utan tap å nemne.
Sauer er gode landskapspleiarar. Oaldsbygda ligg innafor Verdsarvområdet så det er viktig at den grøderike og oppdyrka innmarka blir halde i hevd. –Vi merka det etter året då det ikkje var beita der ute, det hadde vakse til med dårleg gras og små renningar av skog , fortel Vidar Even Leite.
Det er Frank Bonsaksen som stiller med båt til transporten til Oaldsbygda. På kvar tur er det plass til 25 dyr og kvar tur tek ca. 30 minutt ein veg. Han vurderer å skaffe seg ein lekter til påheng på båten , for då blir det fleire dyr på kvar tur. –Og så blir det betre komfort for sauene og lamma, seier skipper Bonsaksen.
Fredag var ein fin dag å reise til sommarbeite i Oaldsbygda. Vi alle ønskjer dei firbeinte eit lukkeleg liv i sommar og god sanking for dyreeigar til hausten..