Tok storlaksen fyrste dag

Eirik Kvammen frå Ørsta med storlaksen på 10.0 kilo. Eit flott eksemplar av Korsbrekkelaksen.

Laksefiske fekk ein pangstart i Korsbrekkeelva 1. juni. Fram til klokka 12.00 torsdag var det fiska 5-6 laksar, den største på 10.0 kilo.

Eirik Kvammen heiter storfiskaren i Korsbrekkeelva så langt. Ørstingen starta fiske då det var lovleg klokka 04.00, og nokre timar seinare hadde han fått på land ein rugg på 10.0 kilo. Det var litt av ei oppleving og ei eventyrleg start på laksefiske, tykte han. Eirik fekk hjelp av ein kamerat til å hove laksen på land.

-Du merkar at du har fått storlaks, seier Eirik og kikar på den flotte fangsten som heng på fiskestativet. –Etter fleire timar utan søvn merkar du knapt at du er trøtt. Ein blir skikkeleg vaken når ein får slikt på kroken og på land.

Eirik har fiska laks frå han var få år gamal og har fått mange. Den største i karriæra var 10.8 kilo så dagens fangst, som beit på makk er den nest største.

Leiaren for elveeigarane, Glenn Wernersen gleda seg over flott fiske fyrste dag. Han trur på ein god sesong for sportsfiskarane.

Frå elva

-Det er ein ekte Korsbrekkelaks, slår leiar i Korsbrekkeelva elveeigarlag, Glenn Wernersen fast. Han ser det på fasongen, passeleg brei over ryggen og høg sett frå sida. Ein flott fisk, er konklusjonen. Styreleiaren trur det blir ein god sesong for sportsfiskarane i Korsbrekkeelva. Undersøkingar viser at det er mykje laks på veg inn i elvane og vassføringa i Korsbrekkeelva har vore og er ideell.

Storleiken på dei andre laksane som vart landa på fyrste fiskedag var på mellom 4.0 og 7.5 kilo.

Eirik Kvammen skulle halde fram fisket ut dagen, trudde han. –Eg får sjå kor tunge augeloka blir etter kvart, sa han. Laksen skulle han bearbeide og røyke, men han hadde tenkt å løyve litt til seinare. –Eg skal gifte meg til neste haust så eg må spare litt til då..

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380