LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Toppartistar under konsertar i Sunnylven kyrkje

Maria Haukaas Mittet blir å høyre i Sunnylven kyrkje fredag 7. juli.

Den årvisse konserten i Sunnylven kyrkje under Sommardagar på Hellesylt har alltid vore eit stjernegalleri av artistar. Det toppar seg på nytt i år med Maria Haukaas Mittet.

Frå 1997 då den fyrste kykjekonserten under Sommardagar på Hellesylt vart arrangert med Ytre Suløen Jazzensemble og vokalist Guro Håvik har Sunnylven kyrkje vore meir eller mindre fullsett kvar gong. Det toppa seg i 2001 med Herborg Kråkevik som samla to fullsette kyrkjer. Folk kom langvegs frå for å oppleve songstjerna som aviser hadde skrive spaltemeter med lovord om. Braksuksessen var «Kråkeviks Songbok».

Kjente artistar

Året før imponerte Sigvart Dagsland med si flotte songrøyst i kyrkja, og i 1999 og 2006 var det Hans Inge Fagervik og Hellesylt Barnegospel, les vi i messeavisene.

Hanne Krogh er mellom dei som har fylt Sunnylven kyrkje til siste plass, fyrste gong i 1998 og andre gong i 2009. Hanne var der også nokre år tidlegare med julekonsert i samsong med Hellesylt songlag.

Og bladar vi litt tilbake i Sommardagaviser finn vi artistar som Gøran Fristorp, Rita og Frank Eriksen, Tor Endresen og Rune Larsen, Jan Teigen, Maria Arredondo, og i 2008 henta arrangøren dei musikalske songstjernene frå lokale krefter, nemleg ungdomskoret Joyful med lokale solistar. Også det vart ein suksesskonsert som hadde musikals hjelp av Mass Peter Jelle på tangentinstrument, Peder Lundanes bass og Lasse Døving slagverk.

Maria Arredondo med koristar og band i Sunnylven kyrkje 2007.

Jubileum utan konsert

I 2010 kom TV-kjendis frå programmet «Lyden av laurdag», Thomas Brøndbo med mellom anna suksessen «Du sa æ va en drøm», og året etter nok ein ung, dyktig artist og kjendis frå Idol, Gaute Ormåsen.

I 2012 var det 25-års jubileum for Sommardagar på Hellesylt, men utan kyrkjekonsert. Det er einaste året kyrkjekonserten er utelaten frå programmet sida 1997. Håpet må vere at kyrkjekonserten alltid er med i programmet, for flottare opning på ein sommarfest kan ein vel ikkje få.

I 2013 vart det på nytt folkevandring til kyrkja og kyrkjekonserten fredag kveld. Då var det Anita Skorgan som leverte og trollbant ei fullsett kyrkje i fleire songar, ikkje minst i Ole Paus sin «Det begynner å bli et liv».

Frå Stjernekamp

Så kom Elisabeth «Bettan» Andeassen i 2014, og året etter var det visesongaren Lars Bremnes som samla nær fullsett kyrkje. Eventyrleg var også songopplevinga med Trine Rein i fjor som var kjent for publikum frå Stjernekamp på TV. Som «Bettan» Andreassen fekk også Trine Rein med eit minne frå Hellesylt, eit bearbeida saueskinn frå Øvre Ljøen fjellgard.

Fredag 7. juli i år er det Maria Haukaas Mittet med band som er artisten under konserten i Sunnylven kyrkje. Mittet vann Stjernekamp, noko som fortel at arrangøren nok ein gong har henta ein toppartist til konserten i kyrkja. Ho får med seg ungdomskoret Joyful i nokre av songane, er opplyst.

Ungdomskoreet Joyful og lokale solistar stod for kyrkjekonserten i 2008.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380