LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Trenar i Loen, finale frå Helsetkopen

Cato Nordbakk (to frå venstre) gler seg til ny finale i World Base Race frå Helsetkopen.

Alle som likar å oppleve ekstremsport kan glede seg. Laurdag 8. juli er det finale i World Base Race frå Helsetkopen i Sunnylvsbygda.

Cato Nordbakk er med som arrangør av World Base Race, den halsbrekkande sporten der aktørane kastar seg ut frå høge fjelltoppar i spesielle drakter og konkurrerer om raskaste tid til landingsområdet.

Nordbakk fortel om litt endringar i opplegget for årets konkurranse. I staden for trening og kvalifisering frå Helsetkopen blir dette avvikla i Loen i Nordfjord torsdag 6. og fredag 7. juli.

Køyrer til Loen

-Vi vil ha vår basecamp på Helset hos Martin, men køyrer til Loen og avviklar trening og kvalifisering der. Då nyttar vi oss av den nye Sky Lift’en på tur til toppen og slepp å bruke helikopter, seier Cato Nordbakk, men legg til;

-Finalen går frå Helsetkopen på laurdag 8. juli. Det vil den gjere fordi vi likar oss på Helset og der har vi alltid blitt godt mottekne.

Ukjent deltakartal

Vel ei veker før arrangementet har ikkje Nordbakk oversikt over deltakarlista. Dei aller fleste hopparane er med under ekstremsportveka på Voss som pågår i skrivande stund, men fjellflygarsjefen håper på rundt 20 deltakarar i årets konkurranse.

Martin Janssen med nokre av premiane med ny design og som han kallar garbage art.

Premiane klare

Martin Janssen har laga premiar til World Base Race frå fyrste konkurranse. Han har premiebordet klart også denne gongen.

Det meste av Janssen sine premiar er i same stil som tidlegare. Men denne gongen har han «fornya seg» og har ein serie av såkalla garbage art, eller søppelkunst. Det har blitt til pyntegjenstandar og står fram både artige og kreativt samansett.

Arena i åtte år

Finalen i World Base Race går for niande gongen frå fjellet som har vore arena for fjellflyging sidan 2009. Men det kan fort bli slutt på arrangementet om det ikkje blir omtala som attraksjon og på lik line med andre opplevingar i bygda. Andre bygder kan heilt sikkert tenkje seg å vere vertskap for fjellflygarane, men då vi trur det har sin reklameverdi må både World Base Race og andre ekstremsportøvingar i Sunnylvsbygda få bygda si støtte også i framtida.

Martin Janssen har premiebordet fullt for deltakarane i World Base Race.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380