Trimtreff på Kurlå

Dugnadsfolket tek pause ved eit ferdig restaurert våningshus i Kurlå

Det blir trimtreff på husmannsplassen Kurlå søndag 11. juni.

Trimgruppa i Sunnylven IL er arrangør av trimtreffet på Kurlå søndag. Det blir registrering mellom klokka 16.00 og 17.00, og med fleire uttrekspremiar.

Etter råsa frå Korsbrekke til Kurlå går ein også forbi Bergane, buplassen som elevar i 5. til 7. klasse ved Sunnylven skule har rydda og vunne ein av hovudpremiane for.

Huset på Kurlå er eitt av dei siste store restaureringsprosjekta til Storfjordens Venner. No er det ferdig og søndag blir Arne Ringdal med på trimtreffet for å fortelje om huset, korleis det var inndelt og brukt.

Bli med Sunnylven IL/trimgruppa på trimtreff til Kurlå, også ein Stikk ut-post søndag 11. juni.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380