Notiser

Triveleg grilltreff i reiskapshus

Styreleiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland og styremedlem Odd Jostein Bjørdal.

Sjølv om vergudane ikkje spela på lag vart det grilltreff og velsmakande servering på medlemene i Sunnylven pensjonistlag likevel. På Øvsthaugen har dei eit stort reiskapshus.

Alle foto: Privat.

Den bebuda grillfesten til Sunnylven pensjonistlag laurdag 17. juni vart gjennomført som planlagt sjølv om regn, vind og nysnø i dei høgaste fjelltoppane minte lite om forventa sommarver. Reiskapshuset på Øvsthaugen hos Astrid og John hadde god plass til dei 56 som sessa seg kring festpynta langbord. Der vart det fleire timar med song, gode historier og servering av grillspyd, mør og pølse. Også kaffi og lefser kom på bordet før sommarsamlinga var over, får vi oss fortalt.

Gjestar på siste pensjonistsamling før sommaren var gamlepresten , no prost i Austre Sunnmøre prosti Svein Runde og kona Elisabeth. «Preika» til gamlepresten inneheldt historier med både skjemt og alvor, eit besøk alle sette pris på. Og etter som prestefolket var til stades vart den faste posten med tombola og åresal i spøkefull tone gjort om til kollekt til Pensjonistlaget, fortel vår heimelsperson.

Rundt langborda kom også historier frå eldre tider fram. Det vart mimra om livet i Langeland-grenda og på Torskedalsætra, og frå krigsåra då to bomber vart slepte på nabogarden Karbø.

Tida går fort i godt lag og etter velsmakande servering og triveleg prat var det heimreis for godt nøgde pensjonistar. Samlinga i reiskapshuset på Øvsthaugen var den siste før sommaren, men til hausten blir det nye og spanande opplevingar i Sunnylven pensjonistlag, opplyser styret.

Grillsjef og styremedlem Håkon Hasle baud på grillspyd.
Ann Kristin og John Langeland passa på at grillpølsene vart heilt perfekte.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380