Utekonserten med kvalitet

Artistar under konserten på Øvre Ljøen, frå venstre Egil Olsen, Kevin Steinman, Mads With, Stig Ulv.

I fem timar svinga det i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi frå fire topp viseartistar. Berre eit 30-talls personar møte fram og fekk oppleve det kjempeflotte underhaldningstilbodet.

Det svinga rett så bra då ein stiernespekka kvartett trubadurar inntok LamaRama-festivalen i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi laurdag, Stig Ulv, Kevin Steinmann, Egil Olsen og Mads With, stand-in for Robert Post skulle ein tru fylte opp amfiets 200 plassar under tak. Det møtte rundt 30 betalande, men ingen av dei gjekk skuffa heim.

Egil Olsen var på Øvre Ljøen for tredje gong der det alltid var like flott å kome tilbake, sa han. Han var den fyrste viseartisten som spela under utekonsert på staden i 2015. I år var han tilbake med eit fem manns stort band som alle stilte i dress. Det er tydeleg vis høgtid å få spele konsert på Øvre Ljøen. Og det vart litt av ein konsert der ekstranummer talde både fem og seks. Ikkje den kjende rolege, litt melankolske stilen frå Egil Olsen denne gongen, men meir rocka rytmer. Slik blir også den nye plata til artisten som kjem ut i august, fortalde han. Då er det ti år sidan han sleppte sitt fyrste album, og i motsetning til dei fire fyrste skal det femte lanserast i mange land, både i Europa, Amerika og Asia.

Artisten Stig Ulv hadde komponert ein instrumentallåt til Fjellgården Øvre Ljøen.

Stig Ulv var fyrst ut under visekonserten laurdag. Han lika seg på Øvre Ljøen , tykte det var kjekt å spele der, ja så fint var det at han hadde laga ein instrumentallåt som han dedikerte til Øvre Ljøen Fjellgård. Han rosa brødrene «Brothers», Ole Hjalmar og Magne Bonsaksen for opplegg og arrangement, -Køyr på vidare, sa Stig Ulv som avslutta med «Strengetonar».

Kevin Steinman har også lært seg vegen til Øvre Ljøen etter opptreden der tidlegare. Den norsk-amerikanske artisten er til liks med dei andre ein svært dyktig gitarist og har ei flott stemme. Og i regnveret prisa han like fullt landskapet på Ljøen med Frank Sinatra sin udøyande «What a wonderful World». Han meistrar også det norske språket og har starta å lage viser av dikttekstar frå Telemark. Ei av dei fyrste visene vart presentert for publikum under konserten.

Mads With t.v. og Kevin Steinman.

Mads With har slektsband tilbake til Peter Dass, fortalde han. Også han er ein resar på gitaren, men også banjo og munnspel, noko han gav fleire prov på under LamaRama-konserten. With er ein utruleg flott artist med ei herleg stemme i tillegg til instrumentale ferdigheiter.

Ved Øvre Ljøen Amfi er det blitt gjort gode utbetringar sidan i fjor. Under overbygget er det laga benkar til å sete på og det er bygt ei scene like inn til amfiet og publikum for artistane. Med scena så nær vart konserten både intim og hyggeleg på ein kjøleg og grå sommardag.

Til tider stor stemning under konserten på Øvre Ljøen laurdag.

Egil Olsen med band avslutta konserten i litt rocka stil. Deretter skulle bandet til sætra på Øvre Ljøen og slappe av til neste dag.

 

Egil Olsen med «Pretty brutal world»

Fjellgården Øvre Ljøen Amfi
Egil Olsen med «Pretty brutal world»
17.06.2017

Posted by Hellesylt.info on Saturday, June 17, 2017

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380