Vann alt i fotballturnering

Sunnylven sitt J10-lag, litt forsterka var uslåelege under fotballturnering i Hjørungavåg onsdag. (Foto: Knut Dag Langeland)

Sunnylven J10 deltok på fotballturnering i Hjørungavåg onsdag og reiste heim som uslåelege. På Hellesylt stadion vart det tap for G12-laget.

Sunnylven J10 vann over alle sine motstandarar, Hareid, Hødd og Åmdal under fotballturnering i Hjørungavåg. Til saman skåra laget 11 mål og slepte inn berre eitt. Kjempebra innsats av heile laget som var forsterka med Trym og Markus. Rapporten fortel også om at Sunnylven hadde ein svært god heiagjeng på plass. Det laget bestod av foreldre, besteforeldre og sysken.

Tap mot god motstandar

På Hellesylt stadion spela Sunnylven G12 mot Emblem. Kampen enda med tap 1 – 8 (0-4) for heimelaget mot ein god motstandar. Ørjan Frøysadal Hauge skåra for Sunnylven på eit flott frispark.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380