LokalnyttLokalsport

Vann si klasse i Blåfelden rett opp

Motbakkeløpet Blåfelden opp er både bratt og tungt. Hege Ringdal fullførte og vann si klasse.

Hege Ringdal, Sunnylven IL vann klasse 18 – 19 år i motbakkeløpet Blåfelden rett opp i Syvde i dag.

Hege Ringdal fullførte kraftprøva Blåfelden rett opp på 53.39. Det var beste tid i klasse 18-19 år, og tredje best mellom dameløparar uansett klassa som vart vunne av Therese Sjursen Bfg, Bergen, (46.32) med Merete Helgheim , Gloppen (49.16) på andre plass.

I herreklassa sette Thorbjørn Ludvigsen, Varegg ny løyperekord med 36.23.

Det var fint ver under løpet, men løypa var litt våt etter regnet natta før.

74 løparar fullførte Blåfelden rett opp, mellom dei også langrennsløpar Tord Asle Gjærdalen som også stod for premieutdelinga.

Alle foto: Jostein Ringdal

Beste dameløparar i Blåfelden rett opp uansett klasse. Frå venstre Merete Helgheim, Therese Sjursen og Hege Ringdal. Til venstre premieutdelar Tord Asle Gjærdalen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380