LokalnyttLokalsport

Andre plass i Ultraløp i Hornindal

I mål for Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL etter å ha fullført 38 km. fjelløp til andre plass i variert og litt sleipt terreng. (Foto: Hans Hole)

I staden for Hellesyltløpet deltok Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL i Ultraløpet i Hornindal, eit fjelløp i variert terreng over 38. km. langt.

Å utfordre eigne krefter er ofte motivasjon for godt trena idrettsutøvarar. Ultraløpet i Hornindal er meir ei rå, personleg kraftprøve der viljen til å fullføre blir sett på prøve. Den lengste distansen er på 75 km. og med 5600 høgdemeter totalt. I fjor fullførte Anniken Hjellbakk Hole heile denne distansen, men i år syntes ho at halve var nok.

I varierande terreng og på delvis sleipt underlag grunna regnver, kom Sunnylven IL sin einaste deltakar på andre plass med sluttid 5.26.43. Vinnar vart Malene Haukøy, Høyang som også valde kort løype og sette løyperekord. I fjor vann Haukøy den lange løypa, også då med rekordtid. Sunniva Skuset, Volda, kom på tredje plass, vel 14 minutt bak Anniken Hjellbakk Hole.

Løypa på 38 km. går frå sentrum i Grodås mot Stryn, over Kjøsahalsen , tek av til venstre og vidare i terrenget over byggefeltet ved Kirkhorn, til fjellet Julekoppen og vidare mot Knutsdalen. Derifrå til baksida av Muldsvorhornet, ned ein ny sætreveg og til Hornindal bru og målgang.

Då vi snakka med Anniken måndag kveld merka ho fortsatt litt til løpet, men det gjekk bra sa ho. hellesylt.info gratulerer så mykje med flott innsats.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380