Chris Byrnes vann World BASE Race 2017

Australske Chris Byrnes vann finalen i det 9. World BASE Race arrangert frå Helsetkopen.
Årets World BASE Race foregjekk med trening og kvalifisering I Loen I Nordfjord. Laurdag var det planlagt finale frå Helsetkopen, men skodde og regn sette stoppar for konkurransen den dagen.
På søndag var veret noko bedre, men framleis med for mykje vind på toppen av fjellet tidleg på dag. Seinare løya det og finalehoppinga vart gjennomført. Chris Byrnes vann på ei sterk sluttid, truleg mellom dei aller beste tidene om ikkje det er rekord frå toppen av 1246 meter høge Helsetkopen til mållinja ved Helsetvatnet vart kryssa.
Samtlege finaledeltakarar vart premiert med bruks og pyntegjenstandar laga av Martin Janssen. Konkurransen gjekk utan uhell av noko slag.
Resultat finale:
Chris Byrnes, 27.508
Kyle Lobpries, 27.969
Levi Mellows, 29.514
Jayson Moledszki, 30.333
Rudi Cassan, 31.620
Tom Erik Heimen, 33.654