LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Forrykande avslutningsshow frå Vågan

Eldar Vågan såg ut til å like seg på Hellesylt og leverte eit show slik gode artistar kan.

Eldar Vågan var siste artist ut under eit velfylt artistprogram under Hellesyltdagane. Vaselina bilopphøgger mann var i storslag og fekk fram latteren hos publkum.

Eldar Vågan starta heimanfrå ved Mjøsa tidleg søndag morgon saman med sin musikar på tangentinstrument for å rekke showet og jobben som kommentator under andesleppet. Dei kom i tide og leverte eit forrykande innslag frå utescena. Her gjekk det på både ukjende, men også kjende viser av Alf Prøysen og historier godt «påmåla», mest skrøner, trur vi på Toten-dialekt.

Store og små flokka seg for å høyre showmannen på Ole Ringdals plass, ja kanskje var det meir enn tusen som fekk med seg avslutningsinnslaget. Og Vågan såg til å trivast mellom publikum på Hellesylt. I alle fall varte det heile fleire minutt lenger enn det oppsette tidsskjemaet frå arrangøren. Det vart ei forrykande opptreden i både ord og tonar under ei flott underhaldningshelg med «Feil side av Mjøsa» som avslutning.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380