LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Har fokus på fjellet Skruven

Eivind Louis Helset hadde utstilling i Verkstedet i jula 2014. Då var det vinterilete han presenterte.

«Skruven- ei slags reise» har fotograf Eivind Louis Helset kalla fotoutstillinga si som han presenterer under Sommardagar på Hellesylt komande helg.

Eivind Louis Helset har i løpet av 20 år perfeksjonert seg frå å vere ein dyktig hobbyfotograf til å gjere det til eit tilleggsyrke. Han har skapt sitt eige selskap som han kallar Rust Foto. Nyleg fullførte han grafisk designutdanning over to år og på sikt ønskjer han å gjere både fotografering, produksjon av reklamemateriell og logoar til ei fulltids bedrift, seier han.

Under Sommardagar på Hellesylt har Eivind Louis Helset utstilling av eigne fotografi i Verkstaden, bygget som er tenkt brukt til ungdomsklubb. I år har han innstilt fokus på fjellet Skruven. Nokre av bileta er tekne frå fjellet, andre mot det 1584 meter høge fjellet som er bytesteinen mellom Strandamoldskreddalen, Norangsdalen og Sunnylvsmoldskreddalen.

Utstillinga har om lag 15 bilder, det største er eit panoramabilete på 1.2 gange 1.4 meter. Dei andre er 50 gange 70 cm. og i tillegg nokre litt mindre, fortel Eivind Louis Helset, bilete som er ein hyllest til flott og mektig vestlandsnatur.

I år er det fjerde gongen han har fotoutstilling under Sommardagane. Sjå og ; www.rustproduksjon.no

Også på Peer Gynt Galleriet har han stilt ut tidlegare og han har delteke med sal av kalendarar under julemesse på Hellesylt. Eit restlager av kalendarar for 2017 sel han ut til halv pris.

Utstilingslokalet bak Joker og nabo til Gamleskulen på Hellesylt var bilverkstad på Hellesylt til for om lag 60 år sidan. Fotoutstillinga i Verkstaden er open for innsteg både laurdag og søndag. Sjå også film med bilete frå Skruven, av Rust Foto: https://www.youtube.com/watch?v=ulnlNw0xWFw

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380