Har hengt opp bokkasser

Styret i støttegruppa for Sunnylven bibliotek har vedteke å kjøpe inn tre bokkasser og plassere på trimpostar i nærområdet. På Shell er ei av bokkassene på plass.
Dei tre bokkassene er å finne på trimpostane på Shell, Svarthammaren og ved Nedstevatnet. I kassene er bøkene tilpassa born og handlar om mellom anna dyr ein kan møte og plantar ein kan finne i naturen. I kvar kasse er der fem seks bøker som blir bytta etter ei tid.
Støttegruppa for Sunnylven bibliotek håper dei som er på tur finn glede av å stoppe opp og kike i bøkene. Det kan vere både lærerikt og interessant.
Den kvite bokkassa inneheld også ei bok der ein kan skrive namnet sitt og bli med på trekning av ein premie i haust. Støttegruppa ønskjer alle ein god boksommar.
