LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Hellesyltdagane er i gong

Andesleppet i Hellesyltfossen er siste post på eit variert og spanande program. (Foto frå arkivet)

Hellesyltdagane 2017 er i gong. Frå fredag 7. til søndag 9. juli blir Hellesylt samlingsstad for handel, underhaldning og mykje moro.

Av Ingebjørg Sporstøl.

Den offisielle opninga skjer laurdag kl 12 frå utescena av Dag Idar Tryggestad, sunnylving og nestleiar i Norsk Journalistlag. Han var med å bygge opp Hellesyltdagane dei fyrste åra, og i år feirar dagane 30 år! Hellesyltdagane har blitt ei kjær helg for den lille bygda innst inne i Storfjorden. Dei siste åra har det vore kring 10 000 besøkande i løpet av helga, og vi satsar på like godt oppmøte jubileumsåret.

Fredag er det kyrkjekonsert med Maria Haukås Mittet, tivoliet opnar og dei fleste av dei 50 salsbudene i sentrum kjem opp. Laurdag blir det full aktivitet i sentrum, med salsboder, tivoli, helikopterturar, world base race og mykje underhaldning frå utescena, både lokale artistar og meir kjende som Sandra Lyng. Vi er også stolte av å presentere Ann Marita Garsed, utflytta sunnylving og no artist i Amerika.

Laurdagkveld er det også konsert med Elvira Nikolaisen på Fjellgården Øvre-Ljøen, og dans på messeområdet med Crashville og Tico.

Søndag byrjar med gudsteneste på Høgreitene. Handelshuset og programmet på utescena byrjar kl 12, og då blir det blant anna konsert med Eldar Vågan. Han skal også vere speaker under det store Andesleppet som avsluttar dagane. Kven er den heldige vinnaren i år?

I høve jubileumsåret er det kjøpt inn ei 8 meter høg and frå Kina. Ho er framleis namnlaus, men laurdag blir det namnekonkurranse, og søndag blir det dåp, med to prestar tilstade. Tidlegare songneprest Svein Runde har i fleire år vore «sjefen» for andesleppet, og saman med årets konfransier, Morgan Berg – Verdsarvpresten, veit vi at det blir ein verdig dåp!

Meir informasjon om dagane kan du få ved å kontakte:

Svein Sporstøl – leiar for hovudkomiteen tlf 41276343

Erik Torset – booking/program-ansvarleg tlf 92415951

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380