For 35 år sidan

Husflidsutstillinga: IMPONERANDE BÅDE l MENGD OG KVALITET

Kursdeltakarar og læraren syner fram ein del av dei mange vakre tinga som hadde blitt laga under kurset: Frå venstre: Berit Iversen Lødemel, Alida Langeland, læraren Tone Myrseth, Kristine Ringdal, Olga Langeland og Anne Marie Stokke.

 

– Dette var sanneleg ei imponerande utstilling både i mengd og kvalitet ! Det var den samstemmige dommen både frå fagfolk og alle dei andre som laurdag var innom utstillinga etter vevkurset som har vore i gang i vinter. Det har vore eit vaksenopplæringskurs over 18 veker, administrert gjennom Fagerlia videregående skole, og 8 deltakarar har gått gjennom kurset. l fjor haust tok dei først eit grunnleggjande kurs i form og farge.

Leiar for vevkurset har vore Tone Myrseth, og ho fortel om eit svært vellukka kurs, der deltakarane har lagt ned eit stort arbeid. Fire dagar for veka har dei vore samla, og fleire av deltakarane har teke seg permisjon frå løna arbeid for å følgje kurset. Deltakarane kjem frå Stranda, Hellesylt og Hornindal.

Myrseth fortel at då kurset starta i januar, byrja dei med å setje opp ein grindvev. På den vov dei m.a. sjal og vamsar. Seinare vart det sett opp ein prøvevev med hester og trinser for å prøve ut ulike teknikkar.Myrseth fortel og om dei ulike teknikkane som krokbragd, hullbragd/halvdreiel, rosengang og mange fleire og kva som vart laga. Ho fortel at deltakarane har spunne garnet sjølv av saueull og hundeull ! , og at ein av dei og farga ulla sjølv med plantefargar.

-Kva mønstrar nytta dei i arbeidet?

-Vi nytta for det meste tradisjonelle mønstrar og prøvde oss fram med gamle og nye fargar, men brukte og ein del nye mønstrar med gamle fargesamansetjingar i. Diverre lukkast det ikkje å finne lokale mønstrar som ein kunne bruke i kurset denne gongen.

Til stades på utstillinga var både rektor og undervisningsinspektør frå Fagerlia og dei stod seinare for utdelinga av vitnemåla til kursdeltakarane. Inspektør Turid Otterlei, som har husflidsarbeid som fag, gav uttrykk for at ho var svært imponert over det som vart vist fram.

-Alt som er utstilt er så fint avstemt og vitnar om ein sikker sans i fargevalet og valet av mønstrar, sa ho til oss. -Det er viktig at desse som har gått kurset no får høve til å arbeide vidare med det dei har lært. Det skulle då kanskje og vere råd å få laga til ein del varer for sal til m.a. turistane, sa Otterlei.

– Vi gledde oss til kvar dag.

Den som skal ha ein stor del av æra for at det vellukka kurset vart sett i gong, er Olga Langeland, og ho fortel til Sunnylvingen at kurset absolutt har svara til forventningane. – Vi gledde oss faktisk til kvar einaste dag, fortel Langeland, som gjev ros til læraren for eit godt leia kurs. Kursdeltakarane gjekk og inn for kurset med liv og sjel, og ikkje sjeldan vart kursdagen langt lenger enn dei oppsette timane. Men så var det og imponerande kva dei hadde fått laga til på dette knappe halve året !

Denne artikkelen stod i Sunnylvingen nr. 13 (25. juni 1982)

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info