Lokalnytt

Inntok Sunnmøre museum for ein dag

Hellesylt Ungdomslag var «mannsterke» på Sunnmøre museum 1. juli og gjorde stor lukke. (Foto: Frode Nessan)

Leikarringen og fleire vaksne frå Hellesylt ungdomslag fekk ein minnerik dag på Sunnmøre museum 1. juli. Der begeistra dei cruiseturistar med dans i nasjonal finstas.

Etter oppmoding har Wenche Høgalmen Ringdal sendt hellesylt.info dette referatet frå ein minnerik dag for dansarar og leiarar frå HUL.

-I forbindelse med at Disney cruiseskip skulle ligge i Ålesund, var det lagt opp til show og underhaldning på Sunnmøre museum. Museet som var stengt for andre gjestar, ville få besøk av Disneys egen Anna, Elsa og Cristoffer. Ålesund spelemannslag hadde ansvar for å skape liv og røre på museet denne dagen i form av dans, leik og moro. Vi vart invitert av spelemannslaget då dei ikkje har så mange dansarar. Vi dansa litt i lag og litt åleine. Alle hadde pynta seg med tidsrett antrekk i stil med museet denne dagen. Oppdrag var å vere statistar for ein dag , danse, leike og late som vi budde på museet.

Cruiseturistane kom med bussar til museet og tykte det var stas med alle skjønne bunadskledde dansarane. Det var også ein del av dei som var sporty nok til å hive seg med i dansen. Vi i leikarringen fekk ein minnerik dag i Ålesund. Vi fekk delta på alle aktivitetar som foregjekk på museet, baking, snikring, sying, skule, tautrekking med meir. Ikkje minst var det populært at alle fekk ta bilete i lag med Anna, Elsa og Chris.

Etter fire timar på Sunnmøre museum avslutta vi dagen med pizza på Peppes og is på McDonalds. Ein fantastisk dag-.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380