Lokalnytt

Inviterer til aksjeteikning

Peer Gynt Galleriet held til i kunst -og servicebygget Hægstad Gård på Hellesylt.

Styret i Peer Gynt Galleriet AS inviterer private, bedrifter og organisasjonar til ny aksjeteikning fram til 1. august. I Sparebanken Møre, Hellesylt er det lagt ut teikningsblankettar.

Styret i Peer Gynt Galleriet AS går no ut og inviterer til utviding av aksjekapitalen i kunstsenteret. –Med ny, frisk kapital vil det bli «nytt liv i Per Gynt», seier styreleiar Dag Stadheim.

På generalforsamling i selskapet i juni vart det vedteke å utvide aksjekapitalen med 1611 nye aksjar, kvar pålydande 300.- kroner. Så langt er rundt to tredeler av aksjane selde, i hovudsak til bedrifter og organisasjonar. No går styret ut og inviterer fleire privatpersonar til å støtte opp under framtidig drift ved den flotte kunstskatten på Hellesylt. Teikningsblankettar er lagde ut i Sparebanken Møre på Hellesylt og teikningsfristen er fram til 1. august 2017. Då håper styreleiaren å ha nye 200.000.- på plass.

Peer Gynt Galleriet AS vil frå 2018 gå i samarbeid med Verdsarvstiftinga i Geiranger, noko som vil sikre drift av kunstsenteret på Hellesylt, seier Stadheim.

– Får vi inn nok kapital skal kafeterian gjerast om til eit meir hyggeleg og intimt lokale. Verdsarvutstillinga er ei gåve som skal integrerast i galleriet og som vi skal drifte. Til å hjelpe med å skape denne utstillinga har vi med oss lokale, dyktige folk. Det er positivt, vi vil ha folk med oss, ikkje mot oss. Men vi treng no 200.000.- kroner i ny kapital som vi lovar å forvalte på ein god, forsvarleg måte. Ingen kan forvente avkastning , men å omskape galleriet til eit Verdsarvhus vil setje Hellesylt på kartet. Det trur eg folk er interessert i, seier styreleiaren.

Dag Stadheim opplyser at drifta ved galleriet blir stort sett påtinga omvisingar resten av 2017-sesongen, men frå 1. mai 2018 blir det dagleg drift ved Peer Gynt Galleriet igjen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380