Klassesigrar til Sunnylven IL i Mefjellet opp.

Sunnylven IL var representert med Hege Ringdal til venstre og Kristine Hjellbakk Hole i motbakkeløpet Mefjellet opp søndag. Begge kom heim som klassevinnarar. (Foto: Jostein Ringdal)

Kristine Hjellbakk Hole og Hege Ringdal, begge Sunnylven IL vann sine klasser i motbakkeløpet Mefjellet opp i Valldal søndag.

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL kom i mål i Mefjellet opp på sterke 1.06.46. Det vart klassesiger i 14 – 15 år og sjuande beste tid uansett klasse mellom damene. Også Hege Ringdal frå same klubb vann si klasse 18 – 19 år. Ho fullførte motbakkeløpet med start i Fjørå og mål på toppen av Mefjellet på 1.09.37. Også det ei sterk tid.

Vinnar av dameklassa vart Emilie Forsberg, Måndalen IL 55.38. Kilian Jornet frå same klubb var best mellom herrane på 48.05. Beste lokale herreløpar vart Andreas Skylstad, Norangdal IL, 50.45. Knut Anders Hatlen, Stranda IL kom på 8. plass, 53.20.

Hege og Kristine på toppen av Mefjellet. (foto: Jostein Ringdal)

Slik er løypa.

Hege på veg til topps. (foto: Jostein Ringdal)

Kristine på veg til topps. (foto: Jostein Ringdal)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380