Knuste offerkasse og stal pengar

Ubedne gjestar tok seg inn i Sunnylven kyrkje søndag og rana med seg innhaldet frå ei offerkasse.
Det var søndag 9. juli mellom klokka 13.00 og 18.00 at uærlege personar hadde gått inn i kyrkja i Sunnylven og gjort hærverk på ei offerkasse der turistar legg igjen pengegåver etter besøk.
Sunnylven kyrkje blir låst opp om morgonen og stengt igjen på kveldstid no i turistsesongen. Innhaldet i offerkassa er borte etter at tjuvane hadde brukt ein hammar for å knuse den, fortel leiar i Sunnylven sokneråd Stig Tryggestad. Hærverket og tjuveriet vart oppdaga like før klokka 18.00 søndag. Tryggestad synest det er simpelt og utruleg frekt å stele pengar som turistar legg igjen som gåve til kyrkja.
Ingen har sett eller høyrt noko om kven som står bak ugjerninga, men det er gjeve beskjed til politiet om tjuveriet som prøver å søkje etter fingeravtrykk, seier Tryggestad som tek mot tips om nokon har sett eller høyrt noko som kan føre til oppklaring.