Landa storlaks i Korsbrekkeelva

Mange sportsfiskarar hadde snakka om storlaksen som stod i Steimshølen i Korsbrekkeelva, men som ingen fekk på kroken. Måndag lukkast det for Atle Andersen frå Ålesund.
Det var ein ekte Korsbrekkelaks som slo til i Steimshølen då Atle Andersen baud han ein meps tidleg måndag. Og laksen var ikkje nokon «smågut» akkurat, for vekta viste heile 16.5 kilo. Det er rekord så langt i Korsbrekkeelva i år, og rekord for sportsfiskaren frå Ålesund.
I 35 år har Atle Andersen fiska i Korsbrekkeelva. Saman med fleire andre kameratar har det blitt mange flotte minne derifrå, mange store og små fiskar og godt og dårleg ver.
-Eg huskar best dei mange fine dagane ved elva og med fast fisk på kroken, seier han. Største fisken fram til måndag var på 13.5 kilo, og han har lagt seg både dato og årstal på minne. Det var 29. august 1982.
Men måndag 3. juli 2017 vart den rekorden sletta med ruggen på 16.5 kilo. Ikkje uventa var laksen stri å få på land så det bast nedetter Korsbrekkeelva i ei lengde av 300 meter, heilt ned til Zulu. Der fekk han hjelp av broren Bjørn som kleppe laksen på land. Laksen skal røykast, sa fiskaren som framleis har fleire fiskedagar igjen i Korsbrekkeelva.