Mange innom Gamleskulen

Rekordmange var innom Gamleskulen i år, og mange skreiv seg inn i «gjesteboka».

Fleire enn nokon gong var innom Gamleskulen under Hellesyltdagane i år, og der vaffelsal og lodd gjekk unna til rekordomsetning.

Gamleskulen på Hellesylt var open for innsteg både laurdag og søndag. Der hadde styret både snurrelodd, kaffi og vaflar å by til sals. Alle kjøpte og støtta opp under økonomien til foreininga Gamleskulen Aktivitetsmuseum som no har fått sett huset god stand. Det siste var måling av heile huset utvendig i fjor, og sist vinter vart det kopla til elektrisk straum både for ljos og varme vinterstid.

Ved utdeling av TEFT-middlar frå Sparebanken Møre under Hellesyltdagane fekk Gamleskulen Aktivitetsmuseum ei gåve på 25.000.- kroner. Styret hadde søkt om mellom anna støtte til mott-behandling og forsterking av takkonstruksjonen på skulehuset, eit arbeid som skal utførast med det fyrste.

Under Hellesyltdagane i fjor kom det inn knappe 5.000.- kroner i lodd og vaffelsal. I år vart resultatet over 3000.- kroner betre. Det var styret svært godt nøgde med.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380