LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Melodiøst av Elvira

Elvira Nikolaisen

Det vart vakkert i magisk natur då artisten Elvira Nikolaisen inntok scene med konsert i Øvre Ljøen Amfi laurdag kveld.

Rundt 140 betalande, dei aller fleste godt vaksne fekk eit behageleg møte med songartist Elvira Nikolaisen under konsert i amfiet Øvre Ljøen. Med fjorden og fjella som bakteppe framførte Elvira både eigne og andre sine songar, roleg og melodiøst . Fleire burde nok ha teke turen og opplevd ein flott konsert sjølv om veret ikkje var sommarleg, men brukbart.

Ole Hjalmar Bonsaksen var nøgd med frammøtet, men hadde håpa på litt fleire. Med sal av kaffi, vaflar og andre forfriskingar i tillegg gåjekk arrangementet i pluss så vidt, sa han. Neste konsert i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi blir i august med det lokale bandet Fossedur.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380