Notiser

Missi-skade ikkje klarlagd

Katten Spragle vart også skada på uforklarleg måte, men lever. (Foto frå arkivet)

Det vart oppslag i fleire media då katten Missi i vinter kom heim med hudskader og pelsen falt av. Katten måtte avlivast, men årsak til skaden er ikkje klarlagd.

Missi mangla pels frå nakken, over ryggrada og litt over sidene og var fjerde katten i byggefeltet Reset på Hellesylt som kom heim etter å ha vore i kontakt med ei eller anna illeluktande veske. Katten mista store deler av pelsen og måtte avlivast. Frå før var ein av dei tre andre kattane avliva.

Missi vart sendt til Norges veterinærinstitutt for å finne ut kva årsaka til skadane var. No er det kome svar, men utan ein klar konklusjon, seier veterinær i Mattilsynet, Andrea Dalbert.

Ved veterinærinstituttet foretok dei ein obduksjon og sendte hudprøver til SINTEF. Der fann dei ikkje fram til kva katten hadde vore i kontakt med, men det måtte vere ei blanding av sot og lutløsning, altså ei basisk substans, eksempelvis kaustisk soda i flytande form. I vannløyseleg form blir kaustisk soda til lut, ei veske som kan føre til nekrotiske hudskader.

Det blir brukt sterke kjemikaliar i både produksjon og til reingjering både i industri og i heimane. Veterinær Dalbert har sjekka at bedrifter i katten sitt nærområde brukar og oppbevarer slike middel på forskriftsmessig måte. Ho oppmodar private til å sjå over kva dei har ståande av reingjering eller plantevernmiddel og at det er forsvarleg lagra. Og det ein ikkje har bruk for bør ein ikkje kaste i naturen, men levere inn under dei årlege grovinnsamlingane, oppmodar veterinær Andrea Dalbert.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380