LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Nesten ein halv million frå Sparebanken Møre

Mottok gåver. Frå venstre Kari Hauso Stadheim (Saniteten og Gamleskulen), Inge Bjørdal (Flofjellet); Geir Frøysa (Sunnylvsbygda grendalag); Marianne Fivelstad (Hellesylt UL), Anita Langeland (FAU), Ingebjørg S. Fivelstad (Hellesylt Bygdetun).

Ved avslutninga av Hellesyltdagane kom banksjef Stig Tryggestad på scena. Også i år var Sparebanken Møre raus med pengegåver til gode tiltak i Sunnylven.

-Det har blitt god tradisjon at Sparebanken Møre støtta lag og organisasjonar økonomisk. Det viser at vi set pris arbeid som blir gjort. Mykje dugnadsarbeid ligg bak mellom anna eit arrangement som Hellesyltdagane og vi i Sparebanken er glad for at vi har middlar å dele ut, sa baksjef Stig Tryggestad. Og mykje middlar hadde han til fleire også i år, heile 445.000.- kroner.

Desse fekk etter søknad pengegåver.

Hellesylt Ungdomslag,                                 45.000.-

Flofjellets Venner,                                         25.000.-

Gamleskulen Aktivitetsmuseum,                  25.000.-

Sunnylven sanitetslag,                                 25.000.-

Hellesylt Bygdetun,                                       50.000.-

FAU Sunnylven skule,                                  50.000.-

Sunnylvsbygda Grendalag,                          25.000.-

Hellesylt Songlag,                                         10.000.-

Støttegruppa for Sunnylven bibliotek,          15.000.-

Sunnylven Pensjonistlag,                             10.000.-

Sunnylven skulekorps,                                 15.000.-

Sunnylven IL,                                                50.000.-

Hellesylt Næringslag,                                   100.000.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380