LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2017

Ny «dansesal», stor suksess

Frå utedansen under Hellesyltdagane, overvaka av Store Kvakk. Biletet er teke tidleg på kveld.

Dansen under Hellesyltdagane foregjekk på Ole Ringdals plass ved utescene under open himmel. Det vart ein suksess.

Arrangør av messedansen i år var Øcal. Ramazan Øcal fortel om masse folk, flott oppførsen og god stemning til musikk av Ørsta-bande Crashville ogTico.

Det vart ein del arbeid med rigging då heile danseområdet vart inngjerda, men mange hjelpte til. Ramazan Øcal er svært godt fornøgd. Gjennom hellesylt.info ønskjer han å takke alle som hjelpte til med den vellukka utedansen, han rettar takk til arrangementskomiteen for Hellesyltdagane for godt samarbeid, og ikkje minst takk til alle som møtte opp og gjorde laurdagskvelden hyggeleg.

Ramazan Øcal tykte det heile vart så bra at dette opplegget kan han tenkje seg å gjenta seinare, både under nye Hellesyltdagar og kanskje andre gonger. Han opplyser at arrangementet gjekk godt i balanse økonomisk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380